Gamle vers i ny drakt

Jakob Sandes poesi er blitt beskrevet som "utpreget sangbar". Dikteren fra Sunnfjord er kanskje mest kjent for å ha skrevet teksten til "Det lyser i stille grender", men katalogen hans er full av tekster som låner seg ypperlig til melodi. Det vil Fred Ove Reksten bevise med sin forestilling "En kveld med Jakob Sande".
Dato
7. mai 2018
Lengde
07:37

Kommentarer

OM “JULEKVELD”
Ein profesjonell artist, bør respektere forfattaren - og berre syngje 4 vers. Mange stussa då ”Det lyser i stille grender” (Julekveld) – dukka opp i den nye salmeboka frå 1985 – men då med 5 vers. Det lærde folk aldri i skulen – det stod heller ikkje i noko songbok. Eit 5. vers på ”Julekveld” var berre prenta ein gong – i “Jul i Sunnfjord” 1931.

Sidan tillet ikkje Jakob Sande at verset vart nytta.
”Eg tok det straks bort" – sa han når nokon spurde.
“Det er dårleg lyrikk – og dårleg teologi. De høyrer vel at slutten kjem i 4. verset (..den evige himmelsongen, som alltid er ung og ny). Det 5. verset endar i synd, soning og myrker – og det temaet høyrer ikkje jula til – men påskebodskapen.”
Det visste den svært bibelkunnige Jakob Sande.

Likevel – 20 år etter han er død – slår kyrkja sine maktmenneske til – og skjendar diktaren sitt åndelege ettermæle ved å leite dette 50 år gamle verset fram frå støvete arkiv – og setje det inn i salmeboka.
Når Jakob Sande ikkje kan protestere lenger.

Som næraste nabo, har eg høyrt JS snakke om dette, fleire gonger.
I biografien om Sande fortel Ove Eide at dottera Siri Sande endå til skreiv brev til salmebok-nemnda (20.12.1980) – og bad dei ta med berre 4 vers, “med tilvising til at Jakob Sande sjølv hadde stroke det femte.”
Endå verre vert det, når kyrkja forfalskar det femte verset, ved å byte ut det symbol-rike ordet ”myrkret” – med det heil-svarte ordet ”døden”. Med andre ord forsterkar dei det som Jakob Sande såg på som ein teologisk tabbe.

Vi bør heidre diktaren sitt ettermæle ved å syngje 4 vers, slik Jakob Sande sjølv ville.

Helsing Torodd Fagerheim

Torodd Fagerheim
(logout)